tirsdag 22. desember 2009

Ei lita julehelsing til deg...

Så var det plutselig blitt 2. juledag... Jula vart feira på Hjelmeland med mor, far og lillebror Kurt, det vart ei rolig og veldig koselig julafta med alt som høyre til :) Eg har lova ei litt meir utfyllande julehelsing her på bloggen, så då får eg prøve å sjå litt tilbake på året som har gått...

Eg flytta over fjellet frå Oslo til Bergen rett før jul i fjord og våren gjekk med til å gå på visning i håp om å være i stand til å vinne ei budrunde på ei leilighet som eg kunne tenke meg å bu i, men det skulle vise seg å bli vanskeleg. Så i april begynte eg å tenke på å leie og i slutten av mai kom eg over ei leilighet i Skivebakken der eg har fått laga meg eit koselig krypin som eg trives berre bedre og bedre i :) No i november flytta Lars Eirik (bror) og Eldrid (kona til bror) inn i etasjen over, noko som er veldig kjekt, spesielt med tanke på at dei vente små no rett over nyttår, Ella August som eg har valgt å kalle babyen, jordmor seie det e ei jente, men eg trur det blir ein gutt...

Eg sitte til dagleg på kontor på DagenMagazinet. Vi (Creo-x) har fått eit engasjement for annonseselskapet deira og har ansvar for annonseproduksjonen der, så eg jobbe mykje med det no, i tillegg prøve eg å finne tid til å jobbe med bildene mine. Ved nyttår i fjord avslutta eg eit deltids årstudie ved Bilder i Oslo og eg kjenne at det å få jobbe med bilder er noko eg trives veldig godt med og det gir meg masse å få formidle mennesker og fange øyeblikket med kamera! Creo-x vokse stadig og Lars Eirik tar meir og meir over den grafiske delen av firma, ei utvikling som er veldig spennande å følge! Vi har stadig idèar og drømmar om vidare utvikling, døgnet skulle hatt litt fleire timar så vi kunne fått leika oss litt med mulighetene som ligge der, men alt til si tid! Det har vore litt overgang å gå til fast jobb og fast arbeidstid, men eg trur det har vore sunt og at det var tid for det!

Eg kjente på at det var litt ork å komme til ein ny plass, der eg for n`te gong skulle begynne på nytt med å finne min plass. Men det har gått seg til. Det har vore veldig kjekt å få ta opp igjen litt hyppigare kontakt med gode venner som bur i Bergens området. I tillegg er det veldig kjekt å være nærmare familien, det er berre vel 2,5 time heim til Bygstad og Janne Mari (systa) med familie og Lars Eirik (bror) med familie bur allerede i Bergen. Nathalie, min første niese vart fødd i november i fjord og sidan eg budde på Sotra mens eg leita etter plass å bu i vår, fekk eg bli godt kjent med ho og gjer alt eg kan for å opprettholde favoritt tante stempelet ;)

Det vart ikkje ferie på meg i sommar så eg tok ferie i oktober i staden, då fekk eg meg ei veke på Lanzarote med Janne Mari og Nathalie,sol, strand, sjø, shopping og masse god mat. Så hadde eg ei veke heime i Bygstad med tur i fjellet kvar dag og til slutt ei koselig foto langhelg i Dublin med Kristin og Marianne (to venniner frå fotostudiet). Så feire i oktober vart ein suksess!

De finne diverse bilder frå året som har gått nedover på bloggen :)
Ønske alle ei fortsatt fine juleveke og eit velsigna 2010!

Systa, brorane og meg

søndag 13. desember 2009

Ella 100 år

Ella Osen, tanta til pappa fylte 100 år mandag 7. des. Eg fekk lov å komme på besøk og ta nokre bilder av jubilanten i dag, ei flott dame som stod på kjøkkenet og laga middag då vi kom... Gratulerer så masse med dagen!


lørdag 12. desember 2009

Barnefotografering

Eg var i Dale i dag og tok bilde av to skjønne små :)



torsdag 12. november 2009

Dublin

Avslutta ferien med jente-foto-weekend i Dublin med Marianne og Kristin. Veldig kjekke helg i ein utruleg gjestfri by :) Kan anbefalast!!


tirsdag 10. november 2009

Nathalie 1 år

1. november fylte Nathalie 1 år, ho har ikkje slept seg endå, men med litt hjelp frå mamma og pappa går det framover.

Ida kom litt før dei andre gjestane, noko Nathalie sette pris på!

Eit bilde frå dagane i Bygstad

tirsdag 27. oktober 2009

Endeleg litt ferie!

Playa Blanca på Lanzarote

Steinane på stranda var salte og gode, mamma ane fred og ingen fare i bakgrunnen...

Vi fekk duppa oss i salt vatn kvar dag

Full fokus, Nathalie fant ut at ho kunne ete sjølv i løpet av veka, noko som gav oss litt matro under frokost- og middagsbuffèen.

Playa Flamingo by night

søndag 27. september 2009

mandag 14. september 2009

Endleg kom eg meg på Ulriken :)

Litt utpå ettermiddagen i går, etter ein stor burger på Verftet, var det tid for å besitge Ulriken sammen med Aina og Magni. Kom oss akkurat ned igjen mens det fortsatt var sikt :)

mandag 7. september 2009

Jon Inge og Elin

Laurdag 5. september var det Jon Inge og Elin sin tur å gå ned kirkegolvet. Eg fekk i oppdraget å forevige paret :)


Bestefar Johannes

Den 29. august hadde bestefar Johannes blitt 90 år, eg og bestemor var på grava i pøsande regn med 5 roser, ei frå ho og ei frå kvar av dei fire barna hans med familie. Det er rart å stå ved grava til ein bestefar eg ikkje har fått møte, som har vore ein så viktig del av bestemor, mamma og dei andre i søsken flokken sine liv...

torsdag 27. august 2009

torsdag 13. august 2009

Nathalie 9 mnd...

Kvile litt...

Meir is, bestemor...

søndag 12. juli 2009

Storehesten Opp 2009

Eg kom meg ikkje på hesten under Storehesten Opp i år, det var litt nedtur, det var fantastisk vær og vel 1400 på toppen - ein festdag i Bygstad! Men eg fekk med meg stemningen i startområdet som eit lite plaster på såret... her er 4 øyeblikk eg fekk fanga med linsa :)