mandag 15. august 2011

Blir du med å lyse etter krabber...

Berland på Askøy, fredag 12. august sånn i elve tida.

Åse, Lise, pappa Berland og Irene klar for krabbelysing, med på kjøpet fikk vi: måne, stjerner, sjø, niste, kaffi og smil (i dobbel forstand).

På vel to timar hanka vi inn 82 krabber, åttito, ja :)

Tusen takk for ein kjempe opplevelse, veldig kjekt å få være med på lasset!!

onsdag 10. august 2011

Dagstur til Hafslo

Har lenge snakka om å ta meg ein tur innover til Hafslo for å besøke Beate med familie og forge veke klarte vi å få det til å klaffe :) Fin fin dag i Solvoren, med deilig lunsj på ein koselig kafe (som eg dessverre ikkje huske navnet på...) Fekk teke litt bilde av ungane, Elisabet var der med sine to jenter også, herlig gjeng!!




mandag 8. august 2011

Tråkk sommertur 2011

I år gjekk turen til Velledalen i Sykkylven kommune. Vi fekk så vidt sett dei majestetiske fjella vi var omkransa ved ankomst søndag, før dei forsvant inn i tåkeland. Men vi går jo på fjellet likevel! Første tur gikk til Sandvikshornet, ingenting å sei på humøret, vi kunne til og med skimte nokon av dei omkringliggande fjella frå toppen.

Det tomme bassenget i Velledalen Grendahus vart nytta til tørking av klede...

Tirsdag gjekk turen til Straumshornet, artig topp og artige folk - hadde nok vore endå meir luftig og spektakulær om vi hadde sett noko ;)

Onsdag var det fellestur med friluftsgudstjeneste, og då kom sola og utsikten fram :) På kvelden var det fest og etter å ha dansa nokre timar var vi 4 stk som bestemte oss for å gå rett på fjellet...

...så i 5 tida traska vi av stad til Klovetinden - for ein morgon og for ein dag, vi gikk oppover sammen med sola, med tåka hakk i hel... på toppen fekk vi i oss litt frokost før vi tok ein formiddagslur - ein nydeleg dag!!


Lisjehesten

Fredag 22. juli var dagen eg og mamma skulle komme oss på Lisjehesten for første gong. For eit fasinerande fjell! Må vel innrømme at eg syns turen opp var meir spektakuler enn sjølve toppen. Spennande å gå runde foten av hesten bortover mot elva på nordsida som gir ein liten utfordring på slutten :)

Veldig stolt av ho mor som har blitt so spreke og hive seg på nye utfordringar.

Vi rota litt på vegen ned så den snakke vi ikkje så masse om ;) Var ein flott opplevelse å komme seg opp!!


Nydelig

Eg begynte ferien min med å nyte solnedgangen på Møvik, fredag 16. juli.