mandag 10. oktober 2011

Solveig Evie

Fredag 7. oktober kom nydelige Solveig Evie til verden, 3840 gram og 50 cm lang. Ho vart teke med keisersnitt fordi ho låg i tverrleie. Gratulerer så masse til Ella Sofie, Eldrid og Lars Eirik.


New York... :)

Då er eg vel tilbake etter ei fin fin veke i New York... FOR EIN BY... eg trudde ei veke ville være meir enn nok, men eg føle eg berre så vidt har skrapa overflata...

Vi hadde tenkt at vi skulle ta det med ro og ikkje stresse, lese bok i Central Park og ta livet som det komme... (Dette er eit regisert bilde...) men tida berre flaug av stad, så det vart ikkje mykje tid til lange lesestunder ;)

Men vi har fått med oss MASSE og sitte igjen med haugevis av inntrykk som skal fordøyast, blandt anna: Frihetsgudinna i solnegang, vi heiv oss på ei ferge til Staten Island akkurat i det sola skulle gå ned, AMASING!!

Dette bildet er teke frå den gata vi budde i, vi leide ei leilighet i Harlem (eit strøk dei fleste vi snakka med i forkant var skeptisk til...) men den kan eg virkelig anbefale, så deilig å komme seg vekk frå dei overbefolka turistplassane til ei rolig koselig "typical american neighborhood" gate.

Her fekk eg endeleg mine amerikanske pannekaker til frokost, kunne ikkje forlate byen uten...

Like ved Ground Zero kom vi over ein demonstrasjon... då vi var der var det rolig og dei satt og mala plakatar, men eg høyrte at det hadde utvikla seg etter at vi var komme heim igjen...

Ein av mange takbarane i New York er 230 fifth, som viste seg å være eit ypperlig valg. Ein veldig kjekke kveld, men som de ser av bildet var det lite vits å pynte seg, for her fikk vi delt ut flees "badekåper" med hette for å holde varmen, good times!!

Taxi... tusen takk fro turen til Hege og Beathe Monica!!