tirsdag 25. mai 2010

Auksjon i Heimly

Laurdag var det auksjon i Heimly, bedehuset skal tømmast så då vart alt som ho Gustina hadde testamentert til misjonen solgt på auksjon. Det var rart og kjekt å få være der, bedehuset er nærmaste nabo til garden eg har vakse opp på og det er mange minner knytta til huset... det blir spennande å sjå kva som skjer vidare.

Gerd og Randi har full kontroll på registrering av dei som ynskje å by.

Det var fult hus og over 70 registrert.

Norunn og Signe har full kontroll på alle dei 400 objekta som skulle under hammaren.

Haldor holdt koken som auksjonarius frå halv elve til siste hammerslah halv sju, med god hjelp av Marit, Inger og Jenny.

Ho Gerd fekk tak ein gammal skjønn nattkjolen.

Bestemor og Olga

To gode venniner blir aldri for gamle til å fortelle hemmeligheter...

onsdag 5. mai 2010