onsdag 27. oktober 2010

fredag 8. oktober 2010

Folk i Ekvador...

Desse to karane jobba i ein snekkerverkstad i dei fattigaste strøka i Guayaquil, dei laga flotte komodar av pallar. Eigaren av snekkerverkstaden kunne ikkje forlate arbeidsplassen for då ville alle maskiner og verktøyet være vekk når han kom tilbake, så han hadde ei seng han slo ut i verkstedet og budde der.

Då vi stod og skulle kjøpe vatn i ein kiosk i samme strøket kom desse to køyrande forbi for å selge egg til eigaren.

Desse to kom nygjerrig spaserande nedover gata, då vi var på veg inn for å besøke naboen som har ein liten "sandalfabrikk" heime hos seg.

For ei vakker lita dama dette er, ho satt i ein butikk vi var inne i Banos. Det var dattera (eller barnebarnet) som dreiv butikken, mens denne dama satt bak disken og passa på pengane.

Vi gikk tilfeldigvis forbi ei fotballtrening i Banos der satt det ei bestemor og venta på barnebarnet sitt, vi fekk lov å ta eit bilde av gjengen før dei sprang heimover.

Gatene i Banos eine kvelden vi var på veg tilbake til hostellet.

Eit øyeblikk frå blomstermarkedet i Cuenca.