mandag 20. august 2012

Peder Emil II

Etter å ha fått litt tid i vinduet for å studere trafikken på Danmarksplass og vinke til bybanene var Peder Emil klar for fotografering - sjarmerande liten kar med glimt i auge ;)


tirsdag 14. august 2012

Ruth Elisabet

Ruth Elisabet kom til fotografering full av energi - nydeleg tillitsfull jente - det er ikkje kvar gong vi kan avslutte fotograferinga med ein god klem :)



For ein dag!!

Endeleg litt sol og sommer på ein dag eg hadde anledning til å komme meg ut :)

Eldrid, min svigerinne og meg...

Gard Andreas på veg opp egga

  Ina Emerense på veg ned igjen mot ura

Fantastisk dag på Storehesten med fine folk, takk for turen!
PS. Ser at Eldrid ikkje er med her... ho kom seg til topps ho òg!

Edvart og Othilie


Litt spent kom storesøster Othilie på snart 4 til fotografering sammen med lillebror Edvart som akkurat har fylt 1 år - eit herleg søskenpar som sjarmerte fotografen i senk!



torsdag 2. august 2012

Tråkk sommertur 2012

 I år gjekk turen til Romsdalen, med base i Måndalen - for eit fantastisk område. Høgdepunktet for veka, sånn fjellmessig, var Bispen som ruve over Trollstigen.


 Fekk også ein fine tur på Nøsa, herleg dag med sol i bedageleg tempo.


 Fellesturen i år gikk til Litlefjellet, med utsikt blandt anna mot Trollveggen.

Kjekke veke med kjekke folk :) glede meg allerede til neste år!!


tirsdag 10. juli 2012

Storehesten Opp 2012


I år regna det... masse... og det blåste... men det vart ei flott Storehesten Opp oppleving likevel. Godt kledd tok vi oss opp til målområdet som var flytta ned til Kårstadskaret. De kan sjå bildeserien her: http://www.storehestenopp.no/galleri/?p=2012

lørdag 7. juli 2012

Kari & Helge Kjetil

 Nydelege folk på ein nydeleg dag :)
Takk for tilliten!



søndag 17. juni 2012

lørdag 9. juni 2012

Peder Emil


I slutten av mai fekk eg ein ettermiddag sammen med denne fine luringen, det var berre å henge seg på mens Peder Emil utforska Gamel Bergen ;)



lørdag 7. april 2012

Johanne

Johanne er 14 månader stor - ei sprudlande, nygjerrig og nydeleg lita jente som kasta seg inn i fotograferinga med masse energi og glede :)


Hedda Kristine

Ei nydeleg ung dame i påskesola!