torsdag 25. desember 2008

Ein av mange juletradisjonar...

Ein fin tradisjon vi har i Bygstad er å tenne lys på gravene på julafta. Vi var litt seine, så det hadde begynt å mørkne, men det gjorde det berre endå finare, det var mange som hadde vore der før oss og tent lys, det e eit utruleg vakkert syn!

Ei lita julehelsing...

Det har blitt 1. juledag og eg har endeleg fått tid til å sette meg ned og skrive litt julehelsingar. Eg har feira ei koselig jul heime hos mor og far i Bygstad sammen med heile familien, inkl. Eldrid (som gift seg med Lars Eirik i oktober) og Nathalie (som kom til verden 1. november) Veldig kjekt å være samla alle sammen, det er ikkje så ofte det skjer lenger.

20. desember gjekk flyttelasset frå Oslo til Bergen der eg skal slå meg ned no etter jul. Creo har fått eit engasjement for DagenMagazinet/KristenSamkjøringen som gir meg 100% jobb frå nyttår, det er godt å ha jobb å gå til no etter endt studie i Oslo. Fotostudiet på Bilder Nordic har vore eit inspirerande år og eg glede meg til å jobbe vidare og utvikle meg på det området. Ser fram til å komme på plass i Bergen, alt komme liksom litt nærmare no. På den andre sida kjenne eg at eg kjem til å savne dei gode vennene eg har fått i Oslo halvanna året.

Eg håpar alle har hatt ei hyggelig julefeiring og får ei fortsatt kjekke romjul!!

lørdag 13. desember 2008

PONY THE PIRATE

Har du ikkje hørt om denne gjengen så vil eg anbefale deg å ta ein tur innom: http://www.myspace.com/ponythepirate

tirsdag 9. desember 2008

Ideutvikling workshop med Isidor

Oppgava her var å lage eit reklamebilde for ein bil uten å bruke bilde av bilen. Eg gikk for Fiat 500 som reklamere med: "Fiat 500 er den første bilen du kan skreddersy akkurat slik du vil ha den. Du kan velge mellom 3 motoralternativer, 3 utstyrsnivåer og en masse tilleggsutstyr som gjør 500 til din unike bil. Over 500.000 kombinasjoner sikrer at ingen har maken."

Her skulle vi ta ein portrettserie på 5 bilder uten å vise ansikt og prøve å tenke litt utanfor det vi vanlegvis tenke. I utgangspunktet hadde eg tenkt å vise generasjonane, men eg hadde litt problem med å finn representantar i alle aldrar...

tirsdag 2. desember 2008

Eit bilde til av skjønne Mika...

Fant eit bilde til av Mika som har noko ved seg som eg like veldig godt :)

søndag 30. november 2008

Linjer og former

Kristin, Andreas og Asta

Eg tok bilde av Kristin (som eg studere sammen med) med familie i går... det var ein artig foto session, men poseringane vart ikkje heilt slik vi hadde tenkt med Asta (3 år) som hadde sine egne planar :)

lørdag 29. november 2008

Mika

I dag har vi leika oss gjennom 1 times fotografering sammen med nydelige Mika (dattera til Rowen som eg jobba sammen med på Informed Sources). Det er fasinerande korleis ein må finne ein ny måte å jobbe på for kva unge ein tar med inn i studio... :)


lørdag 22. november 2008

Morgongry



Eg stod opp kl 06.00 i dag... på ein lørdag... etter å ha vore på julebord med jobben i går... for å ta bilder :) Marianne, Kristin og eg hadde bestemt oss for å fange lyset i gryninga, vi hadde med oss ein modell som holdt på å fryse i hel - fantastisk innsats!!

lørdag 15. november 2008

lørdag 8. november 2008

Kristian

Hadde sønnen til Åsa, som eg har jobba sammen med på Informed Sources, i studio i dag, utruleg skjønn liten gutt.

søndag 2. november 2008

Velkommen til verden!

Den 1. november rett før kl 23.00 kom denne lille skjønne jenta til verden. Ho veg ca 3100 g og er 50 cm lang. (Eg har skjønt at dette er viktig informasjon ;)

Gratulerer så masse til Janne Mari og Geri Morten!!


onsdag 29. oktober 2008

Det første snøfallet...

Tok med meg kamera då eg gjekk på jobb i dag for å dokumentere det føste snøfalet i Oslo i år og då fekk eg med meg denne lille detaljen...

søndag 26. oktober 2008

torsdag 16. oktober 2008

Lang lukketid

Haust

Fekk i oppgave å ta nokre haustbilder på skulen, oppgava var å tenke utenom klisjeen med løv i alle høstens fine fargar...



fredag 10. oktober 2008

søndag 5. oktober 2008

søndag 28. september 2008

Fashion søndag


Oda Bertine og Cosinus

Fekk meg ein liten tur innom Familien Lie På Hafslo, i løpet av mitt døgn i Sogn :)

Bent Vidar & Solveig

Var i Sogndal og fotograferte bryllup i går, der var det skikkeleg haust med regn og vind, men eit sporty brudepar skydde ikkje været og vi fekk nokre fine bilder frå fagre Sogn!! Gratulerer så masse!!



Mor på besøk i Oslo :)

Forge helg var mor på besøk i Oslo, koselig helg med besøk på dei brukt/antikvitets markeda vi fant, Sound of Music lørdag kveld og etter fårikål på søndag gjekk turen innom Operaen der vi gikk rett forbi Morten Harket til mors store begeistring ;)

fredag 12. september 2008

Fant eit bilde...

...som eg tok i sommar som eg like veldig godt :) Det er Ottar som drive ein av nabo gardane heime på Hjelmeland.

mandag 8. september 2008

torsdag 4. september 2008

Shoot with Beckstead - dag 3



Dei første tre dagane i september tilbrakte eg i Tromsø på workshop med David Beckstead frå USA, ein spennande og litt annleis bryllupsfotograf. Masse inspirasjon og siste dagen med fotoshoot i Oldervika var heilt fantastisk!!