torsdag 25. desember 2008

Ein av mange juletradisjonar...

Ein fin tradisjon vi har i Bygstad er å tenne lys på gravene på julafta. Vi var litt seine, så det hadde begynt å mørkne, men det gjorde det berre endå finare, det var mange som hadde vore der før oss og tent lys, det e eit utruleg vakkert syn!

Ei lita julehelsing...

Det har blitt 1. juledag og eg har endeleg fått tid til å sette meg ned og skrive litt julehelsingar. Eg har feira ei koselig jul heime hos mor og far i Bygstad sammen med heile familien, inkl. Eldrid (som gift seg med Lars Eirik i oktober) og Nathalie (som kom til verden 1. november) Veldig kjekt å være samla alle sammen, det er ikkje så ofte det skjer lenger.

20. desember gjekk flyttelasset frå Oslo til Bergen der eg skal slå meg ned no etter jul. Creo har fått eit engasjement for DagenMagazinet/KristenSamkjøringen som gir meg 100% jobb frå nyttår, det er godt å ha jobb å gå til no etter endt studie i Oslo. Fotostudiet på Bilder Nordic har vore eit inspirerande år og eg glede meg til å jobbe vidare og utvikle meg på det området. Ser fram til å komme på plass i Bergen, alt komme liksom litt nærmare no. På den andre sida kjenne eg at eg kjem til å savne dei gode vennene eg har fått i Oslo halvanna året.

Eg håpar alle har hatt ei hyggelig julefeiring og får ei fortsatt kjekke romjul!!

lørdag 13. desember 2008

PONY THE PIRATE

Har du ikkje hørt om denne gjengen så vil eg anbefale deg å ta ein tur innom: http://www.myspace.com/ponythepirate

tirsdag 9. desember 2008

Ideutvikling workshop med Isidor

Oppgava her var å lage eit reklamebilde for ein bil uten å bruke bilde av bilen. Eg gikk for Fiat 500 som reklamere med: "Fiat 500 er den første bilen du kan skreddersy akkurat slik du vil ha den. Du kan velge mellom 3 motoralternativer, 3 utstyrsnivåer og en masse tilleggsutstyr som gjør 500 til din unike bil. Over 500.000 kombinasjoner sikrer at ingen har maken."

Her skulle vi ta ein portrettserie på 5 bilder uten å vise ansikt og prøve å tenke litt utanfor det vi vanlegvis tenke. I utgangspunktet hadde eg tenkt å vise generasjonane, men eg hadde litt problem med å finn representantar i alle aldrar...

tirsdag 2. desember 2008

Eit bilde til av skjønne Mika...

Fant eit bilde til av Mika som har noko ved seg som eg like veldig godt :)