mandag 21. november 2011

Familien Solheim Sandnes

Fin lørdag med fine folk ;)


Ina Emerense - 7 år

Gard Andreas - 11 år

mandag 14. november 2011

fredag 11. november 2011

Familien Øyra Solheim

H E R L I G !

Jeanett Amalie - straks 3 år

Familien Solheim Kleppe

Hilde Marie og Per Ivar med si nydelege dotter

Guro Natalie - 1 månad

onsdag 9. november 2011

Familien Fedøy Aase

I år prøve vi å gjengi eit litt meir realistisk bilde på kvardagen...

Solveig Evie - 1 månad

Ella Sofie - 21 månadar

mandag 10. oktober 2011

Solveig Evie

Fredag 7. oktober kom nydelige Solveig Evie til verden, 3840 gram og 50 cm lang. Ho vart teke med keisersnitt fordi ho låg i tverrleie. Gratulerer så masse til Ella Sofie, Eldrid og Lars Eirik.


New York... :)

Då er eg vel tilbake etter ei fin fin veke i New York... FOR EIN BY... eg trudde ei veke ville være meir enn nok, men eg føle eg berre så vidt har skrapa overflata...

Vi hadde tenkt at vi skulle ta det med ro og ikkje stresse, lese bok i Central Park og ta livet som det komme... (Dette er eit regisert bilde...) men tida berre flaug av stad, så det vart ikkje mykje tid til lange lesestunder ;)

Men vi har fått med oss MASSE og sitte igjen med haugevis av inntrykk som skal fordøyast, blandt anna: Frihetsgudinna i solnegang, vi heiv oss på ei ferge til Staten Island akkurat i det sola skulle gå ned, AMASING!!

Dette bildet er teke frå den gata vi budde i, vi leide ei leilighet i Harlem (eit strøk dei fleste vi snakka med i forkant var skeptisk til...) men den kan eg virkelig anbefale, så deilig å komme seg vekk frå dei overbefolka turistplassane til ei rolig koselig "typical american neighborhood" gate.

Her fekk eg endeleg mine amerikanske pannekaker til frokost, kunne ikkje forlate byen uten...

Like ved Ground Zero kom vi over ein demonstrasjon... då vi var der var det rolig og dei satt og mala plakatar, men eg høyrte at det hadde utvikla seg etter at vi var komme heim igjen...

Ein av mange takbarane i New York er 230 fifth, som viste seg å være eit ypperlig valg. Ein veldig kjekke kveld, men som de ser av bildet var det lite vits å pynte seg, for her fikk vi delt ut flees "badekåper" med hette for å holde varmen, good times!!

Taxi... tusen takk fro turen til Hege og Beathe Monica!!

lørdag 10. september 2011

Ingvild og gitaren

Eg hadde ikkje skremt Ingvild heilt etter opplevelsen i eikja, denne gongen tok ho med gitaren. Eg hadde sett for meg ein location i forkant, men bestemor kunnne informere om at det var ei hengemyr, så då la vi litt om på planane og det var kanskje ikkje så dumt for stråa og sola vart ei fin fin ramme, rundt ein nydelig ung dame :)


mandag 15. august 2011

Blir du med å lyse etter krabber...

Berland på Askøy, fredag 12. august sånn i elve tida.

Åse, Lise, pappa Berland og Irene klar for krabbelysing, med på kjøpet fikk vi: måne, stjerner, sjø, niste, kaffi og smil (i dobbel forstand).

På vel to timar hanka vi inn 82 krabber, åttito, ja :)

Tusen takk for ein kjempe opplevelse, veldig kjekt å få være med på lasset!!

onsdag 10. august 2011

Dagstur til Hafslo

Har lenge snakka om å ta meg ein tur innover til Hafslo for å besøke Beate med familie og forge veke klarte vi å få det til å klaffe :) Fin fin dag i Solvoren, med deilig lunsj på ein koselig kafe (som eg dessverre ikkje huske navnet på...) Fekk teke litt bilde av ungane, Elisabet var der med sine to jenter også, herlig gjeng!!




mandag 8. august 2011

Tråkk sommertur 2011

I år gjekk turen til Velledalen i Sykkylven kommune. Vi fekk så vidt sett dei majestetiske fjella vi var omkransa ved ankomst søndag, før dei forsvant inn i tåkeland. Men vi går jo på fjellet likevel! Første tur gikk til Sandvikshornet, ingenting å sei på humøret, vi kunne til og med skimte nokon av dei omkringliggande fjella frå toppen.

Det tomme bassenget i Velledalen Grendahus vart nytta til tørking av klede...

Tirsdag gjekk turen til Straumshornet, artig topp og artige folk - hadde nok vore endå meir luftig og spektakulær om vi hadde sett noko ;)

Onsdag var det fellestur med friluftsgudstjeneste, og då kom sola og utsikten fram :) På kvelden var det fest og etter å ha dansa nokre timar var vi 4 stk som bestemte oss for å gå rett på fjellet...

...så i 5 tida traska vi av stad til Klovetinden - for ein morgon og for ein dag, vi gikk oppover sammen med sola, med tåka hakk i hel... på toppen fekk vi i oss litt frokost før vi tok ein formiddagslur - ein nydeleg dag!!


Lisjehesten

Fredag 22. juli var dagen eg og mamma skulle komme oss på Lisjehesten for første gong. For eit fasinerande fjell! Må vel innrømme at eg syns turen opp var meir spektakuler enn sjølve toppen. Spennande å gå runde foten av hesten bortover mot elva på nordsida som gir ein liten utfordring på slutten :)

Veldig stolt av ho mor som har blitt so spreke og hive seg på nye utfordringar.

Vi rota litt på vegen ned så den snakke vi ikkje så masse om ;) Var ein flott opplevelse å komme seg opp!!


Nydelig

Eg begynte ferien min med å nyte solnedgangen på Møvik, fredag 16. juli.

mandag 27. juni 2011

Storehesten Opp 2011

Syns dette bildet beskrive dagen veldig godt... det var flott turvær bortsett frå skya som hadde slått seg ned på toppen. Sjå fleire bilder frå dagen på storehestenopp.no. Gjer merksam på at det er to sider med bilder, når du har sett dei første 21, trykke du på "Gå til del 2" på linja under headingen.

fredag 24. juni 2011

Padle-helg til Slotterøy fyr

Forge helg var eg å padla på Fitjar. Vi slo leir på Arholmen seint fredag kveld og laurdag gjekk turen mot Slotterøy fyr. Første rast på lørdagen tok vi på Hanøya, her fekk vi også omvisning av grunneigar, ei lita perle!!

Irene i fin fin stil på veg frå Hanøya med skillingsbollar i blilkket :) heile helga hadde vi hørt om ferske skillingsbollar som vi kunne få kjøpt på ein landhandel i Brandasund...

...men sidan vi somla sånn var skillingsbolle-butikken stengt når vi kom, så vi måtte nøye oss med is frå butikken på andre sida av sundet, funka fint det og!!

Så i sjutida kom vi endeleg fram til Slåtterøy fyr. FOR EIN UTRULEG FLOTT PLASS. Vi fekk også mulighet til å gå opp i fyret.

På veg tilbake rakk vi å fiske litt før sola gikk ned, men fordi eg skulle ta bilde mista vi den eine fisken som beit på...