mandag 8. august 2011

Tråkk sommertur 2011

I år gjekk turen til Velledalen i Sykkylven kommune. Vi fekk så vidt sett dei majestetiske fjella vi var omkransa ved ankomst søndag, før dei forsvant inn i tåkeland. Men vi går jo på fjellet likevel! Første tur gikk til Sandvikshornet, ingenting å sei på humøret, vi kunne til og med skimte nokon av dei omkringliggande fjella frå toppen.

Det tomme bassenget i Velledalen Grendahus vart nytta til tørking av klede...

Tirsdag gjekk turen til Straumshornet, artig topp og artige folk - hadde nok vore endå meir luftig og spektakulær om vi hadde sett noko ;)

Onsdag var det fellestur med friluftsgudstjeneste, og då kom sola og utsikten fram :) På kvelden var det fest og etter å ha dansa nokre timar var vi 4 stk som bestemte oss for å gå rett på fjellet...

...så i 5 tida traska vi av stad til Klovetinden - for ein morgon og for ein dag, vi gikk oppover sammen med sola, med tåka hakk i hel... på toppen fekk vi i oss litt frokost før vi tok ein formiddagslur - ein nydeleg dag!!


Ingen kommentarer: